Det er skilnad på eit nytt hus og eit ”nytt” hus.

Mange seier dei har kjøpt eit nytt hus, sjølv om huset dei har kjøpt er gammalt. Gamle hus kan sjølvsagt også vere gode, men når du skal investere i bustad bør du som ein tommelfingerregel tenkje nytt og ha følgjande i bakhovudet:

  • Nye bustader er meir energieffektive. Gamle bustader har ofte gamle el-ovner, lite effektiv ved- eller oljefyring og mindre god isolasjonsstandard
  • Nye bustader har moderne VVS-løysingar. Eldre VVS-anlegg aukar faren for vannlekkasjar. Ein gammal beredar for varmt vatn bruker dessutan ofte meir strøm.
  • Nye bustader krev lite vedlikehald i mange år. På brukte bustader utgjer skadar og slitasje på grunnmur store meirkostnader når dei må utbetrast
  • Nye bustader har planløysingar som er tilpassa dagens behov, den moderne måten å leve på og rådande krav til god kvalitet og standard. For eksempel vert bad og kjøkken i langt større grad enn før sett på som opphaldsrom

Les meir om dette på:
www.nordbohus.no

Ladstein Bygg AS | Steinnesvåg, 4160 Finnøy | tlf. 51 71 46 00 | firmapost@ladsteinbygg.no
Bygg: www.norbohus.no | Handel: www.byggmakker.no