| Nordbohus – meir enn einebustader Sidan 1985 har Nordbohus forvandla nordmenn sine draumar om eigen bustad til handfast verkelegheit. Nordbohus vart etablert ved at profilerte bedrifter landet rundt gjekk saman i ein medlemseigd organisasjon. I dag finn du Nordbohus-kontor på over 50 stader i Noreg. Lokal forankring og tilhørsle til distriktet betyr mykje for oss. Vi trur at kunnskap om lokale tilhøve og nærleik til kunden gjev det beste resultatet. Vår verksemd er allsidig. I tillegg til å reise offentlege bygg som skular og barnehagar, står vi for bygginga av både små og store bustadfelt. Dessutan byggjer vi hytter og garasjar. Vi tek oss óg av påbygg og rehabilitering. I ein vid forstand ønskjer vi å vere eit samlingspunkt for byggjeverksemd og bustadkompetanse – ein stad der det skal vere lett å kome med spørsmål og skaffe seg oversikt over kva som skjer på bustadfronten i distriktet. I 2007 sette Nordbohus i gang bygginga av 1451 bustader. Det gjer oss til den nest største bustadbyggjaren i landet. Besøksadresse: Steinnesvåg, 4160 Finnøy. Opningstider: Les meir på: www.nordbohus.no |
|



